KUN
  • Hjem
  • Dette tilbyr vi
  • Fagområder
    • Sosial kontroll
    • Barn og oppvekst
    • Vold >
      • fagdager vold
    • Etnisitet, religion, livssyn
    • Alder og funksjonsevne
    • Kjønns- og seksualitetsmangfold
    • Menn og maskulinitet >
      • Webinar Incels
  • Prosjekter
  • English
  • Publikasjoner
    • Rapporter
    • Brosjyrer
    • KUN i media
    • Aktuelt
    • Masteroppgaver
  • Om oss
    • Ansatte
    • Styret
    • Kontakt
    • Diskrimineringsgrunnlag
    • Bærekraftsmålene
  • Podcast
    • Likestillingspodden
  • Livestream
Picture

Kurs i utlendingsrett for krisesenter

Helga Eggebø, Elisabeth Stubberud og Lindis Sloan
I samarbeid med Utlendingsdirektoratet (UDI) og advokat Gunhild Vehusheia, har KUN 2016-2018 tilbudt kurs i utlendingsrett for krisesenter og andre i førstelinjetenesten. Justis- og beredskapsdepartementet har finansiert kursene. I tillegg har vi utarbeidet en veileder for krisesenter og andre i førstelinjetjenesten, denne kan leses på nett eller bestilles fra www.kun.no.  
Ein stor del av brukarane ved krisesentra har innvandrarbakgrunn, og utlendingslova har konsekvensar for deira moglegheit til å bryta ut av eit valdeleg forhold. Dette treng du som tilsett på krisesenter å vita om utlendingsloven. 
Føremålet med kurset er at krisesentertilsette, politiet og andre som er i kontakt med valdsutsette personar, kan gje best mogleg hjelp. Me har fått svært gode tilbakemeldingar på kurset. Som ein av dei tilsette ved Oslo krisesenter sa det:
«Det var et veldig bra seminar, med et tema som er svært viktig og nyttig i krisesenterets arbeid. Krisesenteret trenger dessuten møtepunkter som gjør det mulig med dialog mellom oss, politi, advokater og UDI, og seminaret bidro med dette».
- Tilsett ved Oslo Krisesenter
Me utvikla dette kurset fordi evalueringa av krisesenterlova viste at krisesentertilsette rundt om i landet etterspør kompetanse i utlendingsrett. Slik kompetanse er der behov for fordi ein stadig større del av brukarane ved krisesentra har innvandrarbakgrunn. I 2013 gjaldt det 66 % av krisesenterbrukarane, det vil seia 1311 personar. Valdsutsette med innvandrarbakgrunn kan vera i ein ekstra sårbar situasjon fordi dei manglar eller berre har mellombels opphaldsløyve. Det kan vera snakk om ekteskapsmigrantar som blir utsette for partnarvald eller vald frå svigerforeldre, og det kan vera snakk om tvangsekteskap og æresrelatert vald eller menneskehandel.
«Valdsutsette innvandrarkvinner har ein svak rettssituasjon. Mange veit om 3-årsregelen, men ikkje at dei faktisk har rett til sjølvstendig opphald dersom dei blir utsette for mishandling»
- Elisabeth Stubberud, KUN
Ekteskapsmigrantar, til dømes, er avhengige av ekteskapet dei første 3-4 åra dei er i Noreg. Regelen blir gjerne omtalt som 3-årsregelen, og inneber at ein ekteskapsinnvandrar må reisa frå Noreg dersom ektefellane går frå kvarandre. Dette fører til at ein del valdsutsette kjenner seg tvungne til å bli verande i eit valdeleg forhold, fordi dei er redd for å mista opphaldsløyvet.

«Valdsutsette innvandrarkvinner har ein svak rettssituasjon. Mange veit om treårsregelen, men veit ikkje at dei faktisk har rett til sjølvstendig opphald dersom dei blir utsette for mishandling», seier Elisabeth Stubberud, seniorrådgjevar ved KUN. Dei av oss som arbeider med å hjelpa valdsutsette personar, treng derfor kunnskap om relevante delar av utlendingsretten. 
«Det var et veldig bra seminar, med et tema som er svært viktig og nyttig i krisesenterets arbeid»
- Tilsett ved Oslo Krisesenter
​På seminara gjer UDI greie for lovparagrafen som gjev valdsutsette rett på sjølvstendig opphaldsløyve. Ved hjelp av konkrete døme, viser dei kva saker som er og ikkje er omfatta av regelverket. Informasjonsmateriell til krisesentertilsette, utsette og andre er dessutan tilgjengeleg på nettsidene til UDI. Dei har også laga eit e-læringskurs om mishandlingsbestemmelsen. Kontaktperson i UDI for desse sakene er Cathrine Jacobsen, som kan kontaktast på caja@udi.no eller telefon 40706099.

Advokat Gunhild Vehusheia har brei erfaring med desse sakene, og formidla ei konkret huskeliste for kva ein bør gjera. «Punkt ein er å avklara opphaldsstatus så tidleg som mogleg», slo ho fast. Det er også verd å merka seg at det er to forskjellige regelverk som gjeld, avhengig av om det er snakk om EØS-borgarar eller ikkje, påpeiker Leif Strøm i RVTS Midt.
«Me håper no å kunne gjennomføra ein siste runde med kurs i 2017»
-Elisabeth Stubberud, KUN
​Elisabeth Stubberud, som er ansvarleg for prosjektet, er svært nøgd med gjennomføringa: «Me er veldig glade for at så mange, både på krisesentera og andre institusjonar og etatar, opplevde kurset som relevant for deira arbeid.»
Picture
Nyttige lenker 
  • E-læringskurs om mishandlingsbestemmelsen : UDIs kurs som gir en grunnleggende innføring i mishandlingsbestemmelsen
  • Vold i nære relasjon: Informasjon fra UDI
  • Din utvei : Nasjonal veiviser ved vold og overgrep
  • Krisesentersekretariatet : Paraplyorganisasjon for krisesentra
  • Utlendingsrett i media: 
    • Det er størst sjans for å bli drept av partneren i Finnmark (NRK)
    • Vil gi mer kunnskap til voldsutsatte (iTromsø)
    • Nordnytt 08.09.2016 (NRK)
    • Ekteskapsmigranter forblir i voldelige forhold fordi de ønsker å være i Norge (Finnmark Dagblad)​
Anna arbeid
Tidleg i 2016 føreslo Justisdepartementet å utvida 3-årsregelen til ein 5-årsregel. KUN var, på lik linje med ei rekke andre faginstansar, svært skeptiske til forslaget på grunn av konsekvensane det ville hatt for valdsutsette ekteskapsinnvandrarar. På bakgrunn av den massive kritikken fekk ikkje regjeringa gjennomslag for forslaget.
  • Høyringssvar reglar for permanent opphald (5-årsregel)
  • Kronikk i Bergens Tidene om 5-årsregel
  • Høyringssvar innstrammingar i utlendingsloven
  • 5-årsregel - regjeringas forslag til lovendring

​Illustrasjonsbilder: Passkontroll av Sparebank 1, CC BY-NC-SA 2.0 og Family av Thomas Hawk, CC BY-NC 2.0 ​
Picture
KONTAKT
Tlf +47 75 77 90 50
E-post: post@kun.no
Org.nr 969 983 451
Post - og besøksadresse
KUN
Nordfoldveien 101

N-8286 Nordfold
Avdelingskontor Steinkjer
KUN​
Skolegata 22
N-7713 Steinkjer
Personvernregler
Website by V design AS
  • Hjem
  • Dette tilbyr vi
  • Fagområder
    • Sosial kontroll
    • Barn og oppvekst
    • Vold >
      • fagdager vold
    • Etnisitet, religion, livssyn
    • Alder og funksjonsevne
    • Kjønns- og seksualitetsmangfold
    • Menn og maskulinitet >
      • Webinar Incels
  • Prosjekter
  • English
  • Publikasjoner
    • Rapporter
    • Brosjyrer
    • KUN i media
    • Aktuelt
    • Masteroppgaver
  • Om oss
    • Ansatte
    • Styret
    • Kontakt
    • Diskrimineringsgrunnlag
    • Bærekraftsmålene
  • Podcast
    • Likestillingspodden
  • Livestream