KUN
  • Hjem
  • Dette tilbyr vi
    • Kurs/Fagdag
    • Verktøy/Veileder
    • Seminar/Dialogmøte
    • Foredag/Konferanse
    • Forskning/Rapport
    • Sertifisering
    • Samfunnsdebatt
    • Stipend/Praksis
  • Fagområder
    • Alder og funksjonsevne
    • Arbeidsliv >
      • Aktivitets-og redegjørelsesplikten (ARP)
      • HMX-kurs mot seksuell trakassering
    • Barn og oppvekst
    • Etnisitet og religion
    • Kjønns- og seksualitetsmangfold
    • Menn og maskulinitet
    • Vold >
      • Fagdager - Vold
      • Foredrag - Sosial kontroll
  • Prosjekter
  • English
  • Publikasjoner
    • Aktuelt
    • KUN i media
    • Masteroppgaver
    • Høringsinnspill
    • Likestillingspodden
  • Om oss
    • Ansatte
    • Styret
    • Kontakt
  • Livestream

Skeiv på bygda

2/2/2015

0 Comments

 
Picture
Bilde copyright: Karoline O. A. Pettersen
Korleis er det å leva som lesbisk, homofil, bifil eller transperson på bygda? Har fagfolka i kommunane den kompetansen dei treng for å møta alle på ein god måte?  Svara finn du i forskingsrapporten Skeiv på bygda.


«Vi vet at de som sliter med å føle seg «annerledes» ofte enten flykter til hovedstaden eller inn i dødens åpne armer […] Vi er en liten kommune, vi trenger alle som bor her», skreiv Erlend Elias Bragstad i ein kronikk på NRK-ytring.

Det er vanleg å oppfatta bygda som ein vanskeleg stad å bu for lhbt-personar. Her er det ofte ingen interesseorganisasjonar eller skeive nettverk. Bygda er prega av lite mangfald og konservative haldningar, og bygdesladderet går særleg ut over dei som er annleis. Byen på den andre sida, er tolerant, moderne og mangfaldig. Her går det an å finna nettverk og sosiale møtestader for likesinna.

Forskingsrapporten «Skeiv på bygda», utarbeidd av KUN på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, går bakom desse mytane og undersøkjer korleis det er å vera lhbt-person på bygda. Rapporten er basert på intervju med 24 unge menneske frå distrikta i heile Noreg.

"Det handlar gjerne ikkje om vond vilje, men at fagfolk manglar kunnskap og ikkje veit korleis dei skal møta lhbt-personar på ein god måte".

Nokon av dei me har snakka med lever svært gode liv på landsbygda. Dei fortel om gode kultur- og fritidstilbod, fantastisk natur og trygge lokalmiljø. Dei trivst på bygda, og opplever at det er eit større mangfald her enn i byen: I byane omgår ein folk som er meir eller mindre like seg sjølv, men på bygda har ein relasjonar til folk i alle aldrar og med ulik bakgrunn. Det at alle kjenner alle kan også vera ein fordel. Når alle veit at ein er lesbisk slepp ein "å koma ut" kvar gong ein møter nye menneske.

Andre informantar fortel om vonde erfaringar med mobbing, trakassering og utestenging. Dei er einsame og oppfattar at det er lite toleranse i bygda for å vera annleis. Slike erfaringar gjer at dei ønskjer seg til byen og flyttar dit så snart dei kan.
Ungdomskulen ser ut til å vera ei særleg vanskeleg tid for mange.

"Forskinga viser at skeive ungdommar blir ramma særleg hardt av kjønnsbasert trakassering".

Det er godt dokumentert at skjellsord blant ungdom ofte er kjønnsspesifikke. Hore og lesbe er vanlege skjellsord brukt om jenter, medan homo er eit utbredt skjellsord brukt om gutar. På denne måten straffar ein dei som på ein eller annan måte bryt dei rådande kjønnsrollemønstra. Undersøkingar viser at skeive ungdommar blir ramma særleg hardt av kjønnsbasert trakassering. Men alle ungdommar blir ramma i den forstand at trakasseringa reduserer handlingsrommet og fridomen til å vera seg sjølv, uavhengig av kjønn og seksuell orientering.

Det er viktig å understreka at fleirtalet av lhbt-personar lever gode liv. Samtidig viser forskinga overrepresentasjon av helseplager som depresjon, angst, sjølvmord og rusproblem. Lærarar og helse- og sosialarbeidarar møter ofte sårbare menneske i utsette livssituasjonar. Mange av dei skeive ungdommane me har snakka med har møtt lite forståing og kunnskap i møte med skulen og helsevesenet i bygda. Det handlar gjerne ikkje om negative haldningar, men at fagfolk manglar kunnskap og ikkje veit korleis dei skal møta lhbt-personar på ein god måte.

"Skal ein hindra fråflytting er det nødvendig med inkluderande lokalsamfunn og stor takhøgde for ulike menneske. Utan mangfald døyr bygda."

Kunnskap er viktig for å kunne tilby ein god og trygg skulekvardag og gode helsetenester. Både lærarar og helsepersonell kan gjera ein viktig forskjell i enkeltmenneske sine liv. I lag med våre samarbeidspartnarar i Rosa kompetanse og Restart, har KUN organisert kurs for tilsette i skule- og helsetenester. Det vil me gjerne gjera meir av! Ta kontakt med oss for meir informasjon om føredrag og kurstilbod.

Mangfald er viktig for både bygder og byar. Viss det berre er rom for éin type menneske, med éin type interesser, så vil fleire og fleire flytta. Det å vera annleis handlar ikkje nødvendigvis om seksuell orientering. Det kan like gjerne vera snakk om yrkesval, fritidsinteresser, klesstil eller meiningar. Skal ein hindra fråflytting er det nødvendig med inkluderande lokalsamfunn, ein mangfaldig befolkning og stor takhøgde for ulike menneske.

Stor interesse for skeive på bygda:
  • Krevjande å vera skeiv på bygda
  • Skeiv på bygda - Videointervju om hovudfunn i rapporten
  • Kjipt å være skeiv på bygda
  • Distriktene trenger mangfold
  • Hvordan er det å være skeiv og vokse opp på bygda?
  • Skeiv i Sogn og Fjordane
  • Radio NRK Nordland: Skeiv i Salten
  • Lesbiske Siri har bare godord om bygda
  • Skeiv i Nord-Trøndelag
0 Comments

    Fagområder

    All
    Alder Og Funksjonsevne
    Arbeidsliv
    Barn Og Oppvekst
    Etnisitet Og Religion
    Høringsinnspill
    International Projects
    Kjønns Og Seksualitetsmangfold
    KUN I Media
    KUNstipend
    Ledig Stilling
    Menn Og Maskulinitet
    Vold

    RSS Feed

    Arkiv

    February 2023
    January 2023
    October 2022
    September 2022
    August 2022
    July 2022
    June 2022
    May 2022
    April 2022
    March 2022
    February 2022
    January 2022
    December 2021
    November 2021
    October 2021
    September 2021
    August 2021
    June 2021
    May 2021
    April 2021
    March 2021
    February 2021
    January 2021
    December 2020
    November 2020
    October 2020
    September 2020
    August 2020
    July 2020
    June 2020
    May 2020
    April 2020
    March 2020
    February 2020
    January 2020
    October 2019
    September 2019
    August 2019
    July 2019
    March 2019
    February 2019
    August 2018
    July 2018
    June 2018
    May 2018
    April 2018
    March 2018
    February 2018
    January 2018
    November 2017
    October 2017
    September 2017
    August 2017
    July 2017
    June 2017
    March 2017
    February 2017
    January 2017
    May 2016
    April 2016
    March 2016
    February 2016
    January 2016
    February 2015
    January 2015
    April 2014
    March 2014
    January 2014

likestillingssenteret KUN
Org.nr 969 983 451
Telefon: +47 75 77 90 50
E-post: post@kun.no

Om oss
Kontakt oss
​Ansatte
English
Post - og besøksadresse
likestillingssenteret KUN
Nordfoldveien 101
N-8286 Nordfold

​Avdelingskontor Steinkjer
likestillingssenteret KUN​
Skolegata 22
N-7713 Steinkjer
Publikasjoner
Kalender
Dette tilbyr vi
Prosjekter
Likestilingspodden​
Nyhetsbrev
Stipend/Praksis
Ledige stillinger
Medieoppslag
Personvernregler
​Illustratør: Thea Jacobsen
Website by V design AS
  • Hjem
  • Dette tilbyr vi
    • Kurs/Fagdag
    • Verktøy/Veileder
    • Seminar/Dialogmøte
    • Foredag/Konferanse
    • Forskning/Rapport
    • Sertifisering
    • Samfunnsdebatt
    • Stipend/Praksis
  • Fagområder
    • Alder og funksjonsevne
    • Arbeidsliv >
      • Aktivitets-og redegjørelsesplikten (ARP)
      • HMX-kurs mot seksuell trakassering
    • Barn og oppvekst
    • Etnisitet og religion
    • Kjønns- og seksualitetsmangfold
    • Menn og maskulinitet
    • Vold >
      • Fagdager - Vold
      • Foredrag - Sosial kontroll
  • Prosjekter
  • English
  • Publikasjoner
    • Aktuelt
    • KUN i media
    • Masteroppgaver
    • Høringsinnspill
    • Likestillingspodden
  • Om oss
    • Ansatte
    • Styret
    • Kontakt
  • Livestream