|
Korleis er det å leva som lesbisk, homofil, bifil eller transperson på bygda? Har fagfolka i kommunane den kompetansen dei treng for å møta alle på ein god måte? Svara finn du i forskingsrapporten Skeiv på bygda.
«Vi vet at de som sliter med å føle seg «annerledes» ofte enten flykter til hovedstaden eller inn i dødens åpne armer […] Vi er en liten kommune, vi trenger alle som bor her», skreiv Erlend Elias Bragstad i ein kronikk på NRK-ytring. Det er vanleg å oppfatta bygda som ein vanskeleg stad å bu for lhbt-personar. Her er det ofte ingen interesseorganisasjonar eller skeive nettverk. Bygda er prega av lite mangfald og konservative haldningar, og bygdesladderet går særleg ut over dei som er annleis. Byen på den andre sida, er tolerant, moderne og mangfaldig. Her går det an å finna nettverk og sosiale møtestader for likesinna. Forskingsrapporten «Skeiv på bygda», utarbeidd av KUN på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, går bakom desse mytane og undersøkjer korleis det er å vera lhbt-person på bygda. Rapporten er basert på intervju med 24 unge menneske frå distrikta i heile Noreg. "Det handlar gjerne ikkje om vond vilje, men at fagfolk manglar kunnskap og ikkje veit korleis dei skal møta lhbt-personar på ein god måte". Nokon av dei me har snakka med lever svært gode liv på landsbygda. Dei fortel om gode kultur- og fritidstilbod, fantastisk natur og trygge lokalmiljø. Dei trivst på bygda, og opplever at det er eit større mangfald her enn i byen: I byane omgår ein folk som er meir eller mindre like seg sjølv, men på bygda har ein relasjonar til folk i alle aldrar og med ulik bakgrunn. Det at alle kjenner alle kan også vera ein fordel. Når alle veit at ein er lesbisk slepp ein "å koma ut" kvar gong ein møter nye menneske. Andre informantar fortel om vonde erfaringar med mobbing, trakassering og utestenging. Dei er einsame og oppfattar at det er lite toleranse i bygda for å vera annleis. Slike erfaringar gjer at dei ønskjer seg til byen og flyttar dit så snart dei kan. Ungdomskulen ser ut til å vera ei særleg vanskeleg tid for mange. "Forskinga viser at skeive ungdommar blir ramma særleg hardt av kjønnsbasert trakassering". Det er godt dokumentert at skjellsord blant ungdom ofte er kjønnsspesifikke. Hore og lesbe er vanlege skjellsord brukt om jenter, medan homo er eit utbredt skjellsord brukt om gutar. På denne måten straffar ein dei som på ein eller annan måte bryt dei rådande kjønnsrollemønstra. Undersøkingar viser at skeive ungdommar blir ramma særleg hardt av kjønnsbasert trakassering. Men alle ungdommar blir ramma i den forstand at trakasseringa reduserer handlingsrommet og fridomen til å vera seg sjølv, uavhengig av kjønn og seksuell orientering. Det er viktig å understreka at fleirtalet av lhbt-personar lever gode liv. Samtidig viser forskinga overrepresentasjon av helseplager som depresjon, angst, sjølvmord og rusproblem. Lærarar og helse- og sosialarbeidarar møter ofte sårbare menneske i utsette livssituasjonar. Mange av dei skeive ungdommane me har snakka med har møtt lite forståing og kunnskap i møte med skulen og helsevesenet i bygda. Det handlar gjerne ikkje om negative haldningar, men at fagfolk manglar kunnskap og ikkje veit korleis dei skal møta lhbt-personar på ein god måte. "Skal ein hindra fråflytting er det nødvendig med inkluderande lokalsamfunn og stor takhøgde for ulike menneske. Utan mangfald døyr bygda." Kunnskap er viktig for å kunne tilby ein god og trygg skulekvardag og gode helsetenester. Både lærarar og helsepersonell kan gjera ein viktig forskjell i enkeltmenneske sine liv. I lag med våre samarbeidspartnarar i Rosa kompetanse og Restart, har KUN organisert kurs for tilsette i skule- og helsetenester. Det vil me gjerne gjera meir av! Ta kontakt med oss for meir informasjon om føredrag og kurstilbod. Mangfald er viktig for både bygder og byar. Viss det berre er rom for éin type menneske, med éin type interesser, så vil fleire og fleire flytta. Det å vera annleis handlar ikkje nødvendigvis om seksuell orientering. Det kan like gjerne vera snakk om yrkesval, fritidsinteresser, klesstil eller meiningar. Skal ein hindra fråflytting er det nødvendig med inkluderande lokalsamfunn, ein mangfaldig befolkning og stor takhøgde for ulike menneske. Stor interesse for skeive på bygda:
0 Comments
Your comment will be posted after it is approved.
Leave a Reply. |
Fagområder
All
Om oss
Ansatte English Last ned KUNs logo her Publikasjoner Kalender Dette tilbyr vi Prosjekter Likestilingspodden Nyhetsbrev Arkiv
September 2024
|