|
Alle kommunar har ansvar for å tilby gode tenester og skapa inkluderande lokalsamfunn for alle – skeive så vel som streite. Likevel er det mange lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt-personar) som møter manglande forståing og kompetanse i møte med skulen og helsevesenet. Har fagfolka i din kommune den kompetansen dei treng for å møta alle på ein god måte?
Dei av oss som lever skeivt i Norge i dag lever stort sett gode liv. På lik linje med dei fleste heteroar. Skeive møter mindre fordommar, trakassering og diskriminering i dag enn for få tiår sidan. Dei fleste av oss har kanskje ei oppfatning av at det er heilt uproblematisk å vera homofil i eit ope og tolerant samfunn som Noreg. Og for mange er det kanskje det. Men på den andre sida opplever mange skeive at kvardagslivet ikkje alltid er så enkelt likevel. Skeive ungdommar opplever meir mobbing enn heteroungdom, og «homo» blir brukt som eit heilt alminneleg skjellsord. Det er heldigvis ikkje så mange skeive som opplever vald og trugsmål. Men blant dei mennene som har slike erfaringar, meiner over halvparten at seksuell orientering var motivet for valden. I følgje rapporten Seksuell orientering og levekår, har folk flest nokså positive haldningar til lhbt-personar, og tendensen er at stadig færre uttrykker negative haldningar. Men samstundes er det eit faktum at heile 62 % - altså eit tydeleg fleirtal av den mannlege befolkninga – uttrykker motstand mot at to menn kysser på ein offentleg stad. "Dei fleste av oss har kanskje ei oppfatning av at det er heilt uproblematisk å vera homofil i eit ope og tolerant samfunn som Noreg". Erfaringar med mobbing, vald og negative haldningar kan vera årsaken til at dei av oss som lever skeivt er meir utsette for depresjon, angst, sjølvmordsforsøk og sjølvmord. Men ei like viktig forklaring kan vera at me stadig lever i eit samfunn der det å vera hetero er det einaste normale. Alle reknar med at du er hetero til du eksplisitt seier noko anna. Og me møter stadig ein skule og eit helsevesen der du som skeiv kan oppleva å vera heilt usynleg. Å kjenna seg usynleg er gjerne eit resultat av ei rekke små episodar og erfaringar. Til dømes seksualundervisninga på ungdomskulen som berre handlar om graviditet og vaginalsex mellom to personar av ulikt kjønn. Og dersom du moter deg opp og spør helsesystera om korleis to jenter har sex, så møter du kanskje ein nervøs fagperson som gjer deg telefonnummeret til Skeiv Ungdom i staden for eit svar. Og når du søkjer om foreldrepengar hjå NAV vil dei ha info om far og fedrekvota – som om medmor ikkje var eit alternativ. "Lærerne kunne lært meg at det finnes mange måter å forelske seg på. At jeg ikke var alene om å forelske meg som jeg gjorde." Hilde Arntsen, som arbeider i Rosa kompetanse, vaks opp i ein familie der det ikkje var greitt å forelska seg i ein person av same kjønn, og utvikla spiseforstyrring i tenåra. Ho forklarer korleis lærarar og helsepersonell kunne gjort livet lettare for ho: «Lærerne kunne lært meg at det finnes mange måter å forelske seg på. At jeg ikke var alene om å forelske meg som jeg gjorde. At man kan leve gode liv. (…) Helsesøster kunne hun sagt noe om at det finnes mange måter å ha sex på. At sex kan være noe av det beste som finnes så lenge det er sikkert og samtykkende. At det er forbundet med god helse å kunne være åpen om sin seksuelle orientering». I 2015 publiserte KUN forskingsrapporten «Skeiv på bygda». Rapporten har blitt møtt med stor interesse og me har følgd opp med aviskronikkar, intervju og føredrag. Me trur rapporten vekker interesse nettopp fordi han viser så tydeleg at det å leva som skeiv i «verdas mest likestilte land» kan vera nettopp både og. For nokon er det heilt aldeles uproblematisk. Men for andre stemmer ikkje bildet av det tolerante Noreg med eigne erfaringar. Men uansett om ein har opplevd direkte diskriminering eller ikkje, så må alle som lever skeivt forholda seg til at ein bryt med det «normale» og dermed «koma ut» kvar gong ein møter nye folk. "Helsesøster kunne hun sagt noe om at det finnes mange måter å ha sex på. At sex kan være noe av det beste som finnes så lenge det er sikkert og samtykkende." Den viktigaste jobben me har fått vera med på å gjera i etterkant av rapporten er å arrangera kurs (Rosa kompetanse) og workshopar (RESTART) for elevar og fagfolk i Nordland, i nært samarbeid med Skeiv Ungdom og FRI - Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold. Tilsette i helsevesenet og skulane har stort sett ikkje lært noko særleg om kjønn, kjønnsidentitet og seksuell orientering gjennom studieløpet, og som Hilde Arntsen forklarer så tydeleg, så er det eit problem. Derfor tilbyr me kurs. Visste du at din kommune har ei lovpålagd plikt til å jobba aktivt og målretta for å fremja likestilling og hindra diskriminering av lesbiske, homofile, bifile og transpersonar? Ta gjerne kontakt med oss dersom du ønskjer kurs på din arbeidsplass, din skule eller for fagfolk i din kommune. Les også:
0 Comments
Your comment will be posted after it is approved.
Leave a Reply. |
Fagområder
All
Om oss
Ansatte English Last ned KUNs logo her Publikasjoner Kalender Dette tilbyr vi Prosjekter Likestilingspodden Nyhetsbrev Arkiv
September 2024
|